Sist oppdatert: 21. juni 2026
Kort sagt: Gnist samlar ikkje inn personopplysningar. Appen er eit reint berekningsverktøy som køyrer heilt lokalt på eininga di.
Ingen. Gnist har ingen brukarkonto, ingen innlogging og ingen server. Alle berekningar, lagra prosjekt, historikk og innstillingar ligg berre lokalt på eininga di (i appen sitt private område) og blir aldri sende til oss eller tredjepartar.
Gnist inneheld ingen sporing, ingen analyseverktøy og ingen reklame. Me hentar ikkje inn bruksdata, identifikatorar eller posisjon.
Abonnement («Gnist Pro») blir kjøpt og handtert av Apple via App Store (StoreKit). Me mottek aldri kortopplysningar eller betalingsdetaljar — desse blir handsama av Apple. Apple sitt personvern gjeld for sjølve transaksjonen: apple.com/legal/privacy.
Sidan ingen data forlèt eininga, deler me ingenting med nokon. Du kan når som helst slette all lokal data ved å avinstallere appen eller tømme appdata på eininga.
Gnist er eit fagverktøy retta mot vaksne elektrofagfolk og samlar ikkje data om nokon, inkludert barn.
Ved endringar i denne erklæringa oppdaterer me datoen øvst. Vesentlege endringar blir varsla i appen.
Leverandør: Weebu (ved Vegard Bu)
E-post: contact@ecap.cloud
Gnist er eit veiledande berekningsverktøy etter NEK 400 og erstattar ikkje sjølvstendig prosjektering. Resultat må kontrollerast mot gjeldande standard og produsentdata.